top of page

Å investere i skulen


Autonomi!, brøler me og hiv kartleggingsprøvene i bordet! Me er ein profesjon, for pokker! Anonym vurdering er mistillit, rapporteringskrava er tvangstrøyer! Gje oss profesjonell fridom, ha tillit til at våre pedagogiske vurderinger har fagleg tyngde. Frels oss frå målstyringshelvetet. Gje oss i staden fleire foreldrehovud over skulderen og eit samfunn som evnar å føre knallhard skuledebatt samstundes som ein løftar skulen fram som det fellesprosjektet han er.

Eg slit med grunnleggjande ambivalente kjensler til den delen av skuledebatten som handlar om i kva grad døra til klasserommet skal vere open eller lukka: På den eine sida vert skulen tynga ned av krav til dokumentasjon og ei stadig veksande papirmølle. Lærarar har for lite tid til å følgje opp den einskilde eleven, og mange nyutdanna forlet eit yrke som ikkje gjev dei moglegheita til å praktisere den pedagogiske og profesjonelle autoriteten dei kjem ut med frå studietida. På den andre sida treng skulen og lærarane å bli sett meir i korta, opne dørene til klasserommet og invitere kolleger, foreldre og lokalsamfunn inn. Alle burde kjenne på ei interesse for kva som ligg til grunn for det me gjer i klasserommet, anten det handlar om vurderingpraksis eller dei fysiske tilhøva på skulen. Ekte interesse og eigarskap er ein suksessfaktor, same kva bransje ein høyrer til, og prosjektet skulen har ein ubenytta reserve som snart bør løysast inn.

Skuledebatten handlar i stor grad om det ein kan måle på veg inn og på veg ut av klasserommet. John Hattie har sett agendaen med sine effektstorleikar, og ein diskuterer stadig korleis lærarane kan få meir autoritet og verte betre, heilt inn i himmelen, til me ender opp som spesialistlærarar med 48 000 meir i årsløn alle som ein. Lærar og filmregissør Trygve Hagen spikra opp sine teser om lærarautoritet på veggen til NRK Ytring i april i år. Debatten som kom i kjølvatnet av dette lett polemiske utbrotet av ein tekst var symptomatisk for det eg saknar i den norske skulen: Innlegga i etterkant, anten dei var kritiske eller positive til Hagen sin tekst, handla om korleis skulen sjølv var god nok/kunne verte betre, eller om lærarane var gode nok/kunne verte betre. Eg sakna innlegg om korleis me som samfunn, som tross alt eig skulen og har interesse av at han er så god som mogleg, kunne jobbe saman for å løfte skulen for alle. Eg las ingen innlegg frå foreldre som reflekterte over korleis ein kunne snakke opp skulen og lærarane sin autoritet ved middagsbordet, til dømes.

Som fagperson ynskjer eg å vere i dialog med omverda om stort sett kva det måtte vere som foregår i klasserommet. Ta mobiltelefonar, til dømes. Det finst så uendeleg mange tekstar der ute som anten hyllar eller fordømer smarttelefonen i skulen. Det så godt som samtlege har til felles er at dei meiner noko om kva skulen bør gjere med telefonane. Kva lærarane bør meine om telefonar på pulten. Igjen saknar eg ein dialog om kva me, som samfunn, bør gjere for å sikre at elevane får den beste opplæringa i skulen. Er det med mobiltelefonen i mobilhylle på veggen? Kanskje er det det i Lyngdal, men då er ein avhengig av at eit samla foreldrekobbel stør ein slik strategi. Samstundes skal ikkje denne kronikken vere eit klagemål mot alt som ikkje vert gjort, men heller eit ynskjeskrift for kva ein kan få til.

For ein kan få til mykje om ein røsker opp dørene og blottlegg prinsipp for klassestyring, planarbeid og vurderingspraksis for omverda. Ein kan få til mye om ein legg til grunn eit viktig premiss i det offentlege ordskiftet: Skulen er noko me alle er ansvarlege for. Han er ikkje noko me kan meine mangt og mykje om, og så late att døra til klasserommet før me freistar å måle eit slags resultat i andre enden. Profesjonen sitt ynskje om autonomi og tillit inneber ikkje at ein skal stenge for innsyn i kva det er som foregår i klasseromma, noko ein kanskje kan få inntrykk av om ein les innlegg i ulike debattar om skulen. Protesten mot meir målstyring handlar meir om at det ein måler stel tid, og at ein måler upresist, enn om ei frykt for å syne for omverda eigne manglar som fagperson. Kan me einast om at korkje lærarar eller lekfolk sit med fasiten for skulen, og at me saman må jobbe for å løfte han, vinn me ein betre skule for alle. Eit slikt arbeid treng romslege nasjonale rammer, samt ei delegering av læreplanarbeid til profesjonen. Så treng ein samstundes fridom lokalt til å jobbe med eigarskapsbiten. Eg har forholdsvis lite dekning når eg no hevdar at ein rundt om i lokalsamfunna i Noreg ikkje peiker på skulen dersom ein vert spurd om kva ein brenn mest for og identifiserer seg mest med. Tar eg feil, burde ikkje denne kronikken havne på trykk. Men eg trur har rett, i alle fall litt. Skulen representerer sjeldan noko ein investerer fritid, dugnadstimar og dei varmaste kjenslene for. Eg saknar ein skule alle ynskjer å investere i, der gangbar valuta er tid, interesse og hug til det fellesprosjektet skulen skal vere. Eg gjev gjerne frå meg makt i klasserommet dersom eg kan dele ho med eit interessert kobbel av foreldre. Den einskilde læraren sit ikkje med heile vitet: kunnskap er best når han vert delt.

Ein bed om mykje når ein appellerer til eit slags nasjonalt eigarskapsprosjekt for skulen. Det er eg klar over. Men berre tankeeksperimentet er kanskje langt på veg nok i denne omgangen. Om ein kjem til eit punkt i (den ikkje altfor fjerne) framtida der det er naturleg for fleire å involvere seg i skulen på daglig basis, er eg overtydd om at me alle vil sjå ein skule som står betre rusta til å gjere elevane til gagns menneske.


Featured Review
Tag Cloud
No tags yet.
bottom of page